14

.

03

.

07

14

.

03

.

07

Facebook event

Lydbank

Leon Milo, Jana Winderen, Maia Urstad, Jørgen Larsson, Thorolf Thuestad, Jørgen Træen, Curated by Maia Urstad & Roar Sletteland

Lydgalleriet i Bergen er eit internasjonalt kunstflaggskip med base i Bergen. Noregs einaste visningsrom for lydkunst som i løpet av eit knapt år har fått eit solid rykte langt utanføre landegrensene. Lydgalleriet står bak vågale programmeringar med kombinasjonar av høgt og lågt, samt restaureringa av ein gamal og vindskeiv bygard i Østre Skostredet. Der vil "Hode, Skulder, Kne og Tå" bli framførd søndag 18 mars kl 16:00. Under Borealis er det Maia Urstad, Jørgen Larsson, Jørgen Træen, Thorolf Thuestad, den parisbaserte lydkunstnaren Leon Milo og Jana Winderen frå Oslo som har laga LYDBANK av Sparebanken Vest. Prosjektet er inspirert av lydane som gjev bankane sitt indre og ytre liv. Alle bankrørsler har sin lyd - anten det er i minibankar, seddelvifting, skrankemaskinar, tellemaskinar eller berre gamaldags klingande mynt...

LYDBANK står berre idag - i opningstida til banken. Frå 08:30 - 15:30.

Produsert av Lydgalleriet og Ny Musikk i samarbeid med Borealis. Støtta av Norsk Kulturråd, Bergen Kommune og Sparebanken Vest.

Under Borealis, Maia Urstad, Jørgen Larsson, Jørgen Træen, Thorolf Thuestad, Paris-based sound artist Leon Milo and Jana Winderen from Oslo, has created LYDBANK at Sparebanken Vest. The project is inspired by sounds that give banks their inner and outer life. All bankruptcies have their own sound - for example, in ATMs, banknotes, counters, telemachines, or just old fashioned sounding coins ...